G11 Gudstenestefellesskap

KVA?
G11 er eit gudstenestefellesskap som starta våren 2007. Bak opplegget står frivillige frå Sunnmøre Indremisjon, Norsk Luthersk Misjonssamband, søndagsskulen og andre.

KORLEIS?   
Samlingane fyl eit enkelt opplegg med song, bøn, tale og av og til nattverd og dåp. Vi har leikekrok for dei aller minste borna i tilknytning til møtesalen. Etter møtet er både små og store inviterte til eit felles varmt måltid som ein får kjøpt til ein billeg penge.

KVAR?
Skodje Bedehus.

NÅR?
Ein søndag i månaden (sjå datoane under) kl. 11.

Vi ynskjer DEG varmt velkomen til G11!

”For der to eller tre er samla i mitt namn,
der er eg midt iblant dei.”
                                                Matt.18:20

En tanke om “G11 Gudstenestefellesskap

  1. Tilbaketråkk: Skodje Bedehus

Legg inn en kommentar