Det er igjen tid for den tradisjonelle barnetombolaen og bedehusbasaren på Skodje bedehus. Barnetombolaen går av stabelen torsdag 18. oktober kl. 18.00. Vi får besøk av barnekoret Jubalo, og det vert andakt ved Rannveig Aure Nybø. Så vert det sjølvsagt tombola, og hovudtrekning av bok med barnegevinstar.
Sjølve bedeshusbasaren, som er laurdag 20. oktober kl. 17.00 (merk tidspunkt!) har siste åra fått ein litt ny vri på Skodje bedehus. Den vert kalla Musikalsk laurdagkveld, og i år får vi besøk av Emblem kr. mannskor. Odd Giske vil halde andakt. I tillegg vert det skikkeleg basarstemning med åresalg og hovedtrekning. Eit smakfullt koldtbord byr vi også på, dette er aldeles gratis. Vi ynskjer å samle heile familien til ein triveleg laurdagskveld på bedehuset. På denne måten får vi også inn ein del nødvendige midlar til drifta av Skodje bedehus.
Håper på fullt hus desse to kveldane!