Om bedehuset

SKODJE BEDEHUS har ei historie som skriv seg frå 1904. Etter ei vekking det året, kom det fram eit sterkt ynskje mellom kristenflokken om å få eit eige bedehus. Saka vart drøfta på eit møte på skulehuset den 31.juli 1904. 25-30 vaksne menn møtte, og alle var samde om å gå ut til folket med spørsmål om midlar og dermed også sjå om det var interesse for planane.

Alle bygdelaga stod saman om bygging av det som skulle heite Skodje Bedehus.Den 17.november 1907 vart huset vigsla og byggekomiteen kunne overlevere det til Skodje Indremisjon. Indremisjonsforeininga i Skodje vart skipa i 1892. Folketalet på Skodje auka og etter kvart vart huset både for lite, og lite tenleg. Også trafikkmessig og parkeringstilhøva vart etter kvart vanskelege, der huset var plassert den gongen.

På årsmøtet til Skodje Indremisjon 31.mars 1963 vart spørsmålet om bygging av nytt bedehus teke opp. Dette vart vedteke. Byggenemd vart valt 31.mai 1970 på eit omframt årsmøte i indremisjonsforeininga: Anders Lillebø (formann), Johannes Ludvigsen, Anders Hofseide, Berta Aure, Kårhild Ramstad og Johs Vadseth. Innsamlingsnemd: Erling Berg, Sofie Langnes og Ingebjørg Ytrelid.

Til styremøtet i foreininga 2.desember 1964 låg der føre eit tilbod frå Oddlaug og Lars Sorte om ei sentral tomt på 2,5 dekar til kr.8 pr.m2. Ved generalforsamlinga i Skodje Indremisjon den 5.desember, vart det ved skrifteleg avrøysting, samrøystes vedteke å kjøpe tomta av Sorte.Den 21.juli 1972 gjekk flagget til topps, då var det nye bedehuset kome under tak. I første omgang vart underetasjen innreidd og dette vart ved ferdigstilling, feira med stor fest den 22.juli 1973.

Vigslefesten for bedehuset var den 26.november 1978. Til då var det lagt ut 755.600.-kr. og innkjøpt utstyr for 80.000.-kr. Dugnadsarbeidet vart rekna til 500.000.-kr. Nokre år etter at huset vart teke i bruk var det gjeldfritt. Dette m.a. på grunn av ei stor testamentarisk gåve. Det er ing. Kjell Furnes som teikna huset. Opplysingane her, er henta frå Kjell Furnes si bok: SUNNMØRSK BEDEHUSLAND, som kom ut i 2003.

Legg inn en kommentar