Vårsol

Kanskje kjenner du nokon som ein gong har vore med?

Dette er ei jenteforening som har samla mange unge jenter gjennom åra. Her samlast vi for handarbeid, song og musikk, måltider og andakt. Heilt siden 1927 har foreninga samla generasjonar av kvinner på Skodje. Tenk at denne foreninga fyller 85 år den 27 april i år!

Ein annan viktig del av Vårsols arbeid er å hjelpe mennesker i andre land. Gjennom basar, utlodning og forestillinger samlar vårsoljentene inn gåver til misjonen. På denne måten er Vårsol med på blant anna å finansiere eit suppekjøkken på Kola-halvøya i Russland.

Vil du vere med, så kom og ha det kjekt saman med oss!

Vi møtes annakvar tirsdag (oddetalsveke):

  • kl 17.00-18.30 frå 5 år t.o.m. 3 klasse
  • kl 18.30-20.30 frå 4 klasse og oppover.

 

Legg inn en kommentar