Bjorliweekend

snøI fleire år har G11 arrangert tur til Bjorli; ei helg med sosialt samver, evt. tur på ski eller til fots, og samling om Guds ord for heile familien. I fjor vart det ikkje, men vi luftar no forslag om Bjorliweekend 24.-26. mars. Det vil kome meir informasjon på neste G11-samling, samt på nettsida til Skodje bedehus og facebook. Set gjerne av helga alt no, og del med andre du trur kan vere interesserte!