Barnetombola og basar

Det er igjen tid for den tradisjonelle barnetombolaen og bedehusbasaren på Skodje bedehus. Barnetombolaen går av stabelen torsdag 30. oktober kl. 18.00. Vi får besøk av barnekoret Jubalo, og det vert andakt ved Ingrid Kvam Steinshamn. Så vert det sjølvsagt tombola, og hovudtrekning av bok med barnegevinstar.

Sjølve bedeshusbasaren er laurdag 1. november kl. 17.00 (merk tidspunkt!). I år får vi besøk av Sanctus frå Spjelkavik bedehus, og det vert tale ved Jarle Berland. I tillegg vert det skikkeleg basarstemning med åresalg og hovedtrekning. Eit smakfullt koldtbord byr vi også på, heilt gratis. Vi ynskjer å samle heile familien til ein triveleg laurdagskveld på bedehuset. På denne måten får vi også inn ein del nødvendige midlar til drifta av Skodje bedehus.

Håper på fullt hus desse to kveldane!